top of page
nyfødt

Nyfødt...

Eit nytt familiemedlem er kome til verda, hurra! 
Nyfødtfotografering er kanskje ein av dei nydeligaste fotograferingane man kan gjere av det lille underet som har komen å berika familia. 


Pris fotografering: 1 800,-                                               Fotopakke frå: 4 900,-
Digitale filer kjem utanom 

Nyfødtfotografering gjer vi helst innan babyen er 15 dagar for å få dei typiske sove bileta, men kan gjerast seinare også, heilt fram til barnet er 6 veke. 

Du bookar nyfødtfotografering helst i god til før termin, eg noterar da ned termindatoen din, og sørga for å ha rom i kalenderen rundt dei tider. Når barnet er født tek du kontakt so snart som mogleg, og vi finn ein dato for fotografering saman. 

Eg sett av omtrent 3 timar til ei nyfødtfotografering, grunnen til at eg sett av ekstra tid er fordi eg ynskje at det skal være ein god opplevelse for både baby og foreldre. Det er også ynskjeleg at babyen søv under fotograferinga, vi brukar da ein del til på å gjere barnet komfortabelt og klar for fotografering. 

Søsken/foreldre er velkommne til å være med på bilete under nyfødtfotografering om dykk ynskje det, dei bileta tek vi somregel på slutten av fotograferinga. 

I studio har eg amme/flaske krok og stellestasjon, samt kaffi/te og litt anna godt å spise på under fotograferinga. Det er leike-hjørne for eldre sysken og sofa krok til mor/far. 

Velkommen so mykje til nyfødtfotografering hjå meg!

bottom of page